Gebyr og eigedomsskatt

eigedomsskatt 2.jpg - Klikk for stort bilete Kommunestyret i Bø kommune vedtek kvart år eit eige gebyrregulativ. Takst på alle eigedomar i Bø av 01.01.13 dannar grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt frå og med 2013.

Grunnlag for eigedomsskatt

Kvart år innan 1.mars blir takstgrunnlaget for kvar eigedom lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker. Dette blir kunngjort i aviser, på heimesida og lagt ut på kommunehuset og hjå teknisk eining på Bekkevoll.

Kommunestyret vedtok i 2012 å gjennomføre omtaksering av alle eigedomar i Bø. Som grunnlag for omtakseringa, vart alle bustadeigedomar målt opp i 2012 og faktaskjema (PDF, 121 kB) sendt ut for kvar eigedom. Den som ynskjer utskrift av takstgrunnlag for sin eigedom kan kontakte teknisk eining, sjå kontaktinfo.

Sjå ellers informasjonsbrosjyre om eigedomsskatt (PDF, 155 kB) og rammer og retningsliner for taksering av eigedommar (PDF, 2 MB) (23.04.2013 (PDF, 2 MB)).

Gjeldande gebyrregulativ (PDF, 5 MB).

Fakturering

Eigedomsskatten som er oppgitt i melding om skattetakst, vert fakturert over fire terminar, saman med kommunale avgifter. Beløp under kr. 50,- pr. år blir ikkje innkrevd.

Spørsmål om gebyr og eigedomsskatt kan rettast til teknisk eining, sjå kontaktinfo.

Sist endra 14.06.2017

Kontaktpersonar

Halvor Moen

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt