Oppmålingsforretning

Grensemerke.jpg - Klikk for stort bilete

Oppmålingsforretning går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med partane sine påstandar og framlagte dokument samt bringe fram opplysingar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuell tinglysing.

§ 9 i Lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova).

Oppmålingsforretning blir halde før matrikulering ved:
a) Grensejustering (under 5 %)
b) Klarlegging av eksisterande grenser
c) Matrikulering av eksisterande uregistrert grunneigedom
d) Matrikulering av eksisterande uregistrert festegrunn
e) Oppmålingsforretning som faller inn under SAK 10
f) Nymerking av eksisterande grensepunkt som tidlegare er fastsatt i oppmålingsforretning
g) Registrering av uregistrert jordsameige
h) Uteareal til eigarseksjon.

Søknaden må ikkje vere i strid med overordna arealplanar, reguleringsplanar, detaljplanar, områdeplanar eller andre lover (jordlova, veglova m.m). Søknaden blir rekna som fullstendig når følgjande vedlegg ligg ved:
- Rekvisisjon av oppmålingsforretning
- Opplysning av eventuelle rettar / hefte som ligg på det omsøkte areal
- Kopi av skulddelingsforretning / målebrev / avtaler for eigedomen
- Kartskisse / situasjonsplan i målestokk 1:500 / 1: 1000 som viser tydeleg kva du søkjer om. Kart kan skrivast ut frå Kommunekart
- Eventuell fullmakt

Søknad vert sendt per post, oppmøte eller e-post.

Etter utført arbeid vert endringene ført inn i Matrikkelen og kartverk og matrikkelbrev sendt ut. Frist for oppmålingsforretning etter godkjent løyve er 16 veker. Bø kommune har eige forskrift om arbeid vinterstid fra 1 november til 30 april, i dette tidsrommet løper ikkje tidsfristen.                                            

Gebyr etter gjeldande gebyrregulativ.

Lovheimel

Klagerett: Matrikkellova § 46

Sist endra 29.11.2018

Kontaktpersonar

Ingrid Bergane

Avdelingsingeniør oppmåling

Anna Svalbjørg

Avdelingsingerniør oppmåling

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt