Seksjonering av eigedomar

Eigarseksjonering er etablering av sameigeandel på bygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein eller fleire bustader eller andre brukseiningar på eigedomen. Det kan bli seksjonert til bustadformål og/eller næringsformål. Eigar av ein seksjon blir sameigar i ein eigedom.

Det er fire typar seksjonering:
1. Seksjonering av nybygg
2. Seksjonering av eksisterande bygg
3. Samanslåing og deling av eigarseksjonar, Eierseksjonsloven § 20
4. Reseksjonering med bakgrunn i Eierseksjonsloven § 21

Korleis få tenesta?

Søknadsskjema Søknad om seksjonering med veileder og Søknad om reseksjonering med veileder må fyllast ut og sendast til kommunen i tre eksemplar. Vedlegg som må følgje med:
1. Planteikningar i 3 eks. i målestokk for alle etasjar, inklusive kjellar og loft. Bruken av dei enkelte romma skal vera tydeleg avmerka. Det skal vera tydeleg avmerking og nummerering (forslag) av dei einskilde seksjonar med evnt. tilleggsdelar.
2. Situasjonskart i 3 eks (kartet må vise heile eigedomen med grenser og alle bygg samt parkeringsplassar og fellesareal).
3. Vedtekter for sameige i 1 eks.
4. Namneliste over bebuarar/kjøparar i 1 eks.
5. Rekvisisjon av oppmålingsforretning når ny eigarseksjon omfattar uteareal. Nytt eller endra uteareal til eksisterande eigarseksjon

Vilkår for å få tenesta

Seksjoneringa må omfatte kun ein eigedom. Bygning under planlegging kan ikkje seksjonerast før byggjeløyve ligg føre. I eksisterande bygg kan seksjoneringa berre omfatte brukseiningar som er ferdig utbygd. Det skal fastsetjast om den enkelte eining skal bli bruka til bustad eller næring. Formålet skal samsvare med gjeldande reguleringsplan, med mindre det ikkje ligg føre løyve til annan bruk. Kvar boligseksjon skal ha kjøkken, bad og wc innanfor hovuddelen av brukseininga. Bad og wc skal vere i eige eller eigne rom. Det skal fastsetjast ein sameigebrøk for kvar eigarseksjon.

Lovhjemmel

Klagerett: Forvaltningslova og Eierseksjonslova § 16.

Sjå ellers Statens kartverk sine sider Seksjonering og reseksjonering.

Søknad vert sendt per post, oppmøte eller e-post.

 

Sist endra 09.03.2018

Kontaktpersonar

Anna Svalbjørg

Avdelingsingerniør oppmåling

Ingrid Bergane

Avdelingsingeniør oppmåling

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt