Kommunale avgifter og gebyr

Kommunen leverer drikkevatn og avløpsløysingar til store delar av kommunen. For desse tenestene vert det betala årlege gebyr. Tenestene vert levera til sjølvkost, det vil sei at kommunen kun tar inn gebyr for å dekke drifts- og investeringsutgifter. Kommunen kan ikkje ta ut overskot for å dekke andre driftsutgifter. 

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 07.06.2018

Gjeldande gebyrrelulativ (PDF, 5 MB) kor mykje dei ulike tenestane kostar, som avgiter for vatn, avløp og renovasjon og for sakshandsaming og tenester knytt til plan, byggesak og oppmåling. 

Månadleg faktura

Nå er det også mogleg å få månadleg faktura på kommunale avgifter ved bruk av AvtaleGiro eller eFaktura. Da må du opprette AvtaleGiro eller eFaktura-avtale med banken din. I tillegg må du gje melding til Halvor Moen på Teknisk eining, om at du ynskjer faktura på 12 terminar i staden for fire.

Slik får du fordelt dei årlege kostnadane dine på kommunale avgifter likt utover heile året. 

Digital faktura

Frå og med mai 2018 vil alle fakturaer frå kommunen komme rett i di digitale postkasse. Dette gjeld fakturaer på alle kommunale tenester.

Du må da logge deg inn i di digitale postkasse, Digipost eller e-Boks, for å hente ut fakturaen. Har du ikkje digital postkasse, vil fakturaen komme i Altinn. 

Det er mogleg å reservere seg mot å motta post frå offentlege etatar digitalt. Det kan du gjere inne på Norge.no.

Kontaktpersonar

Halvor Moen

Konsulent

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt