Kommunale vegar og g/s-vegar

Bø kommune har ansvar for vedlikehald av om lag 100 km kommunale vegar, inkludert gang- og sykkelvegar og fortau. Kommunen har vegnorm (PDF, 401 kB)(2015) og gatelysnorm (PDF, 2 MB) (2015) for nye anlegg.

Kommunen skal syte for at vegane er godt framkomelege, trygge og har miljøvennlege løysingar.

Sommarvedlikehald:

  • Grusing av vegar
  • Støvdemping av grusvegar: Normalt ein gong kvart år, fortrinnsvis på våren, men kan også utføras til andre tider om naudsynt
  • Grøfterensk og reinsking av gatesluk og stikkrenner
  • Feiing: Normalt innan 15.mai kvart år.
  • Hol i vegbanen reparerast så fort som praktisk mogeleg (hol som utgjer fare)
  • Kantslått (normalt 1- 2 gonger kvart år)
  • Ettersyn av gatelys og trafikkskilt

Vintervedlikehald:

  • Brøyting og snørydding: Utførast normalt ved snødjubde på 10 cm eller meir. Hovudvegar, bustadvegar, gang- og sykkelvegar og prioriterte fortau brøytast normalt innan kl.08.00 på kvardagar.
  • Strøying av glatte vegar og plassar: Bakkar, vegkryss og svingar strøyast slik at normalt vinterutrusta kjøretøy og fotgjengarar kjem trygt fram.

Ved unormale vêrtilhøve vil kommunen si målsetting kunne fråvikast for å omfordele ressursane. Kommunen kan ikkje påta seg erstatningsansvar utover det som gjeng fram av vegtrafikklovgjevinga og allmenn rettspraksis.

Innbyggarane må sjølv syte for:

  • Å fjerne snø som blir lagt i privat avkøyring i samband med kommunal brøyting
  • Å ikkje legge snø på offentlig veg eller fortau
  • Å fjerne vegetasjon på eigen grunn som heng ut i køyrebane, fortau eller liknande og er til fare eller hinder for brøytemannskap og andre trafikantar
  • Å flytte køyretøy som er til hinder for vintervedlikehaldet

 

Sist endra 27.09.2017 10:36

Kontaktpersonar

Lars Tore Svendsen

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt