Avfall og renovasjon

Innsamling av hushaldningsavfall skjer i tråd med renovasjonskalender (PDF, 551 kB). Renovasjonsselskapet IRMAT har ansvar for renovasjonstenestene i Bø, Notodden, Hjartdal og Sauherad. Innsamling av avfall er sett bort til Sunde renovasjon & gjenvinning AS. Firmaet driv og gjenvinningstasjon for mottak av ekstra hushaldningsavfall på Akkerhaugen.

Kart
Sunde gjenvinningsstasjon, Akkerhaugen

Renovasjon for bustader og hytter

Det er tvungen renovasjon for alle husstandar og hytter i Bø. For fastbuande er det kjeldesortering av avfall. Renovasjonsforskrifter for Bø kommune:

Oversikt over kvar ein kan kaste ulike typer avfall finn du på IRMAT si heimeside.

Ekstrasekkar for matavfall og restavfall kan kjøpast hjå Teknisk eining i Gullbringvegen 20.

  • Pris for ein rull med bioposar kr 30,-
  • Pris for ekstrasekkar for restavfall (blå sekkar), ein rull a`5 stk.kr 150,- eller kr.30,- per sekk.
  • Ekstrasekkar for plast kan hentast gratis same stad.

Kasserte fritidsbåter

Miljødirektoratet refunderer etterskuddsvis heile eller delar av utgiftene for transport av kasserte fritidsbåter til mottak. Den som leverer fritidsbåten vil motta kr 1000,- per båt, sjå Miljødirektoratet.no.

Link
Sist endra 09.11.2017

Kontaktpersonar

Lars Tore Svendsen

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt