Appen "Min Renovasjon" er tilgjengeleg i Bø og Sauherad

Min renovasjon.jpg - Klikk for stort bilete

Med varslingsappen Min Renovasjon kan abonnentar i Bø og Sauherad nå få oversikt over sine tømmedagar og varsel på mobilen før avfallet blir henta.

I appen finnast det informasjon om kjeldesortering og gjenvinningsstasjonen.

Denne appen gjer deg tømmekalender der du kan søkje opp di adresse og få vite når renovatøren kjem og tømmer avfall på di adresse. Du får vite kva slags type avfall som hentas på kva for ein dag, og du kan sette varslar på mobilen din for å få beskjed når det er på tide å sette fram dunken.

Ved å tillate varsling vil du kunne få automatiske varslar om tømming dagen før eller same dag på eit tidspunkt du sjølv bestemmer. Vidare kan du slå opp informasjon frå IRMAT og få oversikt over reglar for sortering, samt informasjon om plassering og opningstider for din lokale gjenvinningsstasjon.

 

Slik kjem du i gang med varslingsappen Min Renovasjon

  1. Last ned appen Min Renovasjon gratis frå Google Play (for Android) eller App Store (for Iphone)

  2. Fyrste gongen du brukar appen må du velje kva for ein kommune du tilhøyrer. Deretter registrerar du adressa di eller gards- og bruksnummer

  3. Tømmekalenderen visar kva slags type avfall som hentas dei ulike dagane på di adresse. Du kan aktivere varsling slik at du får beskjed på mobilen før dei hentar avfallet ditt. Varslinga er gratis

 

IRMAT.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 12.11.2018