Avløp og andre utslepp

toalett.png - Klikk for stort bilete Nytt renseanlegg for vatn frå kommunalt avløpsnett vart opna 27.8.14. Det nye anlegget har tre rensetrinn og har dobla kapasitet samanlikna med det gamle anlegget frå 1974.

Tilkopling til kommunalt avløpsnett
Ved tilkopling til kommunalt avløp, må det søkjast om løyve til dette på fastsatt søknadsskjema. Kommunen kan i visse tilfelle krevje tilkopling til kommunal avløpsledning jf.§ 27-2 i plan- og bygningsloven. Det krevst tilknytingsavgift ved tilknyting og årleg avgift, jf. kommunal forskrift om vass- og kloakkavgifter. For prisar, sjå gjeldande gebyrregulativ (PDF, 3 MB).

Tøming av septiktankar
Kommunen har avtale med Miljøservice AS om tøming av septiktankar. På heimesida deira finn du kontaktinformasjon, tips og svar på ofte stilte spørsmål, og du kan du sjølv søkje opp og finne enkel informasjon om eigen tank. Kommunen tar gebyr for tøming jf. forskrift for tømming av slamavskiljarar, tette tankar og feittavskiljarar og fastsett gebyrregulativ.

Søknad om løyve til utslepp
For søknad om andre typar utslepp etter ureiningslova (som ikkje koblast til det kommunale nettet), sjå utslepp av sanitært og oljehaldig avløpsvatn.

Aktuelle skjema
Gravemelding/melding om bygging av stikkleidning for vatn og avløp
Tilknyting til kommunalt vass- og/eller kloakknett (PDF, 98 kB)

Lovheimlar                  
Drikkevassforskrifta
Ureiningslova

Sist endra 02.01.2019

Kontaktpersonar

Lars Tore Svendsen

Avdelingsleiar

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt