Søknad om tilkobling til kommunalt nett og gravemelding

Ved tilkobling til kommunalt nett må det innhentast særskilt løyve etter plan- og bygningslovaVA.jpg - Klikk for stort bilete . Søknad om deling av eigedom, oppføring av bygning med innlagt vatn eller innlegging av vatn i eksisterande bygning utløyser krav om utsleppsløyve. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande som gjennom rør eller ledning er ført innandørs.

Søknadsplikta gjeld utan omsyn til avløpsløysing. Det skal søkast om løyve også når avløpet går til tett tank. Installering av vassklosett, dusj, bad, våtrom og liknande vil normalt innebere ei vesentleg auke av eksisterande utslepp og dermed søknadsplikt. Bruksendring frå fritidsbustad til bustad vil også kunne utløyse søknadsplikt.

Det føresettast at arbeidet utførast av firma/entreprenør med godkjent sertifisering/ADK-bevis for slike arbeid.

Tilkoplingspunkt kan bli påvist av kommunen. Eininga kan gje nærare opplysningar om ledningsdimensjonar, vasstrykk, vasskvalitet, tilkoplingsavgift m.v

Krav til søknad

Søknaden blir rekna som komplett når følgjande vedlegg er med:

1. Søknadsskjema, blankett nr. 5174

2. Blankettar for nabovarsling, blankett nr. 5154, 5155 og 5156

3. Erklæring om ansvarsrett for den som skal utføre arbeidet, blankett nr. 5181

4. Situasjonsplan i målestokk tilpassa eigedommen/anlegget (1:200 eller 1:1000) med innteikna rør-trasè og påkoblingspunkt. Redegjerelse for metode/type tilkobling.

5. Aktuelle tilleggskjema skal følge søknaden/leveras teknisk innan arbeidet vert igangsett, sjå nedst.

Når arbeidet er utført, skal det meldas frå til kommunen, og det skal leveras oppdatera situasjonskart med nøyaktig plassering av rør-trasè og innmåla koordinater. Driftsavdelinga skal ut og kvalitetssikre/ kontrollere arbeidet og fotografere tilkoblingspunktet. Ta kontakt med teknisk eining drift for å sette opp avtale om dette.

Behandlingstid

Søknaden skal bli behandla innan 3 veker rekna frå den dato søknaden var fullstendig og nabovarslingsfristen (minst 2 veker) har gått ut. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknar ein løyvet for gitt såframt det ikkje er grunn til å tru at nokon part vil vere misnøgd med dette.

Avgifter

Gebyr skal betalas etter gjeldande prisar, sjå gebyrregulativ. (PDF, 3 MB)

Viktige dokument

Desse dokumenta er det viktig at søkjar/den som utfører arbeidet er kjent med. Dette er dokument som syner ansvarsfordelinga mellom kommunen og eigar av anlegget, samt fastlagte krav til teknisk utføring:
Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp - administrative føresegner
Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp - tekniske føresegner

Tekniske normer for vatn- og avløpsanlegg (PDF, 432 kB)

Ved avvik i dokumenta er det det strengaste kravet som gjeld.

Relevante lovheimlar

Forskrifter for vass- og kloakkavgifter for Bø kommune
Plan- og bygningsloven
Drikkevassforskrifta
Ureiningslova

Aktuelle tilleggsskjema

Alle: Gravemelding/melding om bygging av stikkleidning for vatn og avløp (PDF, 14 kB)
Alle: Tilknyting til kommunalt vass- og/eller kloakknett (PDF, 98 kB)
Alternativt: Meldingskjema for plombering av vass-/kloakkledning (PDF, 43 kB)
Alternativt: Meldingsskjema for installering av vassmålar (DOC, 48 kB)

Sist endra 02.01.2019

Kontaktpersonar

Lars Tore Svendsen

Avdelingsleiar

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt