Vassforsyning

vannkran - Klikk for stort bilete Bø vassverk forsyner mesteparten av kommunen med vatn frå grunnvatn i området som grensar opp mot Seljordsvatnet. Hovudnettet omfattar strekninga frå uttaket ned til Bø sentrum, med forgreining til Eikjabygda, Folkestad/Lifjell, Vreimsida og i retning mot Gvarv og Valen.

Tilkopling til kommunalt vatn

For tilkopling til kommunalt vatn, må det søkjast om løyve på fastsatt søknadsskjema. Kommunen kan i visse tilfelle krevje tilkopling til kommunal vassledning jf.§ 27-1 i plan- og bygningslova. Kommunen krev tilknytingsavgift ved tilknyting og årleg avgift, jf. kommunal forskrift for vass- og kloakkavgifter. For prisar, sjå gjeldande gebyrregulativ (PDF, 3 MB).

Ved bortfall av vatn, ta kontakt med teknisk vakttelefon (917 57 522).

Vassmålar

Ved installasjon av vassmålar, skal dette meldast til kommunen via meldingsskjema (DOC, 48 kB).

Plombering av vassledning

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyr for kommunalt vatn når eigedomen fysisk blir kopla frå kommunalt ledningsnett. Abonnementet vert avslutta når løyve til fritak er gitt og kommunen har mottatt skriftleg melding om plombering (PDF, 43 kB) av anboringspunkt.

Private brønnar

Oppgavepliktige private brønnar skal registrerast jf. vannressurslova §46. På heimesida til NGU ligg kart over registerte brønnar.

Aktuelle skjema

Gravemelding/melding om bygging av stikkleidning for vatn og avløp 
Tilknyting til kommunalt vass- og/eller kloakknett (PDF, 98 kB)
Meldingskjema for plombering av vassledning
Meldingsskjema for installering av vassmålar

Relevante lovheimlar

Drikkevassforskrifta
Ureiningslova

Sist endra 02.01.2019

Kontaktpersonar

Lars Tore Svendsen

Avdelingsleiar

Åpningstider

Opningstider
Man-fre kl 08.00 - 15.00

Besøksadresse:
Gullbringvegen 20
3800 Bø

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Kartpunkt