Val 2017

Val  - Klikk for stort bilete  Valdag for Stortingsval og Sametingsval 2017 er satt til måndag 11. septemer 2017.

Kommunestyret i Bø vedtok på KS møte måndag 27. februar at kommunen gjeng frå sju valkretsar til ein. Derfor blir det i 2017 røysting kun i eit vallokale på Valdagen. Vallokalet blir Gullbring kulturhus. 

Tidlegstemming

Tidlegstemminga startar 1. juli. og er for deg som ikkje har moglegheit til å førehandsstemme eller stemme på valdagen. Det er mogleg å tidlegstemme frå 1. juli - 9. august. Ta kontakt med servicekontoret på tlf 35 05 90 00 for å avtale tid.
 

Førehandsstemming

Førehandsstemminga startar torsdag 10. august i Bø kommune. Du har moglegheitar til å førehandsstemme på tysdagar, onsdagar og torsdagar frå kl. 09.00 - 15.00. Onsdag torsdag og fredag i siste veka før valet er det ope for stemming frå kl. 09.00 - 18.00. Stemminga vil føregå på kommunehuset.

Stemming på Bø sjukeheim

Førehandsstemming på Bø sjukeheim er satt til torsdag 7. september kl. 12.00 - 14.00.

Ambulerande stemming / stemme heime

Personar som ikkje kan kome seg til stemmelokale kan ta kontakt med servicekontoret i kommunen for å søke om å få stemme heime. Henvendelsar må gjerast innan 4. september kl. 15.00.

Stemming på Høgskulen i Sørøst-Noreg

Studentar har moglegheit for å førehandsstemme på høgskulen onsdag 30. august.
 

Informasjon om valdag

Røystinga valdagen vil vere i Gullbring Kulturhus måndag 11. september 2017.
Opningstidene i vallokalet er frå kl. 10.00 - 20.00
 

Meir informasjon finn du på www.valg.no

Here you can find information brochures in several languages

Sist endra 25.07.2017

Adresse

Førehandsrøysting:
Kommunehuset i Bø
Bøgata 67, 3800 Bø

Valdag:
Gullbring Kulturanlegg
Gullbringvegen 34
3800 Bø

Kartpunkt