Frist for å søke om gåvekort på sykkel er 30. september!

Studentsykkel 18.JPG - Klikk for stort bilete


Sidan 8. mai 2017 har studentar som har meldt folkeregistrert flytting til Bø kommune fått tildelt eit gåvekort på sykkel til ein verdi inntil kr. 5000,-, og i tillegg eit gåvekort frå Bø kino på 5 gratis kinobesøk.

Vil du òg velja Bø kommune som bustadkommune? Les meir om kampanjen her på nettsida vår!

 

Bilde1.jpg - Klikk for stort bilete

 



Det har vore nokre rykter om at ein mistar rett på bortebuarstipend og reisestipend ved å melde folkeregistrert flytting til vår kommune. Dette er ikke tilfelle, då desse to støtteordningane er kun for elevar ved vidaregåande skule, og ikke for studentar på Universitetet. 

Studentar på universitet har rett på omgjeringslån, som vil seie få omgjort noko av sitt lån til stipend ved fullført utdanning om dei bur vekk frå foresatte. Dette har ikkje endra seg. I tillegg kan dei få støtte som heiter gradsomgjeringslån og forsørgarstipend, om de oppfyller enkelte kriterier. 

Publisert av Hilde Pedersen. Sist endra 19.09.2019
Fann du det du leita etter?