Fyrverkeri - Gode råd og reglar

Raketter - Klikk for stort bilete Fyrverkeri er kun tillatt å avfyre på nyttårsaften mellom kl. 18.00 og 02.00.
Plassering av fyrverkeri skal velgast slik at det ikkje oppstår skade på liv, helse, miljø og materielle verdiar.

Oppsetting og avfyring av fyrverkeri skal ikkje finne stad i tettbebyggelse eller nær tørr skog eller andre brannfarlege omgivelsar utan tillatelse frå leiar av brannvesenet. (utdrag frå "Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff § 2-10")

 

Fyrverkerireglane

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har utarbeida følgjande fyrverkerireglar:

1. Planlegg fyrverkerioppskytinga i god tid - Finn ein egna stad og rigg til for avfyring. Fyrverkeriet skal oppbevarast utilgjengeleg for born og uvedkommande.

2. Les bruksanvisninga nøye før bruk - Sett deg inn i produsentens anbefalingar, og legg merke til aldersgrensane. Det er 18 års aldersgrense for bruk av dei fleste typar fyrverkeri. Born som brukar stjerneskudd skal alltid passast godt på av ein vaksen.

3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada - Sjekk at fyrverkeriet er heilt og utan synlege skadar. Skada fyrverkeri skal ikkje brukast eller kastast i søpla, men leverast tilbake til forhandlar.

4. Syt for at fyrverkeriet ikkje kan velte - Bakkebatterier må plasserast på rett underlag og støttast opp.

5. Bruk tennstav - Ikkje bruk lighter, fyrstikkar eller annan ope flamme. Lunta er kort og ei flamme kan sette fyr på bakkebatteriet direkte. Bruk heller ein tennstav, den får du vanlegvis kjøpt der du kjøper fyrverkeri.

6. Bruk beskyttelsesbriller - For å redusere augeskadar bør du bruke beskyttelsesbriller. Det får du tak i der du kjøper fyrverkeri.

7. Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tend på - Inne i fyrverkeriet er det ofte ein hurtiglunte som brenn svært raskt. Difor kan fyrverkeri avfyrast brått og uventa. Når du har tend lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og koma deg på trygg avstand.

8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved fyrste forsøk - Sjølv om lunta ser ut til å ha slukka, kan det vere ein liten glo som ulmar. Fyrverkeri som ikkje tenner ved fyrste forsøk skal stå i 30 minuttar eller dynkast grundig i vatn før det fjernast. Det skal ikkje kastast i søpla, men leverast tilbake til forhandlar. Husk at born gjerne brukar nyttårsdagen til å samle opp fyrverkeri, så rydd opp etter deg!

9. Hold god avstand frå oppskytinga - Fyrverkeri innheld eksplosiver som kan gje alvorlege skadar.

10. Alkohol og fyrverkeri hører ikkje saman - Med alkohol i blodet reagerer du saktare. Du får også dårlegare vurderingsevne.

Desse reglane finn du også på www.sikkerhverdag.no.

 

GODT NYTTÅR! 

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 28.12.2018