Innbyggarundersøkelse 2018

Innbyggarundersøkelse.jpg - Klikk for stort bilete Bø og Sauherad kommunar sender denne veka ut ein innbyggarundersøkelse. Målet er å få betre kunnskap om korleis kommunens tenester oppfattas i dag. 

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 19.11.2018

Kva er gode tenestetilbod?

Midt-Telemark kommune skal levere gode tenestar. For å vite korleis tenestene kan bli betre treng vi kunnskap om korleis dei oppfattas i dag. Korleis er det å leve og bu i Bø kommune? Kva meiner innbyggarane om kvaliteta på tenestene kommunen tilbyr.

Undersøkinga inneheld spørsmål om dei fleste av kommunens tenester.

 

Kven blir spurt?

Undersøkinga har blitt sendt ut til eit representativt utval av innbyggarar i Bø kommune og i Sauherad kommune. Utvalet er tilfeldig trukket ut frå Folkeregisteret blant innbyggarane i kommunane som er over 18 år og uttrekket er vekta for alder og kjønn.

Mottek du undersøkinga skal du svare som innbyggar av den kommunen du nå bur i.

 

Korleis svare på undersøkinga?

Dersom du mottek undersøkinga kan du svare på to ulike måtar:

  1. Svar på undersøkinga på internett ved å nytte deg av innlogginga som fylger med
  2. Svar på undersøkinga på papir ved å fylle ut vedlagte spørjeskjema. Legg deretter skjema i vedlagte konvolutt, forsegle den og lever den i postkassa ved inngangen på kommunehuset i Bø

 

Svarfrist (levering på papir eller på internett) er måndag 3. desember.

Vi håpar på mange svar. Det vil gje oss kunnskap om kva som er bra og kva som kan bli betre.

 

Vi skaper framtida saman!

 

Mvh

Borgar Kaasa                                                     Mette Haugholt
ordførar i Bø kommune                                     ordførar i Sauherad kommune

 

Har du spørsmål om undersøkinga så kontakt kommunen på tlf. 35 05 90 00.

Fann du det du leita etter?