Lansering av nye heimesider 1. juni 2017

Skjermdump heimeside.png - Klikk for stort bilete

Kjære innbyggjarar!

 

Bø kommune lanserar nye, moderne nettsider torsdag 1. juni.

Dei nye nettsidene er utarbeida med tanke på å være meir oversiktleg og brukarvenleg slik at du som innbyggjar lettare skal kunne finne fram blant kommunens tilbod og tenester. Vi håpar dei nye nettsidene er endra til det betre.

Heimesida er kommunens viktigaste kommunikasjonsplattform og Bø kommune legg vekt på auka digital kommunikasjon med innbyggjararne. Dette er forankra i kommunens kommunikasjonsplan som vart vedteke i kommunestyret 27.03.17, sak 27/17.

Dei nye nettsidene har responsiv design, det vil sei at sidene tilpassar seg alle skjermar, som mobil og nettbrett.

Det kan selvfølgeleg oppstå nokre problemer i ein overgangsfase der noko kan ha felt ut eller noko er blitt gløymt. Da blir vi veldig takknemmelege om du tek kontakt med oss, slik at vi får retta opp i dette. Vi ønskjer også at du tek kontakt med kommunens servicekontor om du ikkje finn det du leitar etter eller lurar på.

Ei nettside vil aldri bli ferdig, den vil krevje kontinuerleg arbeid i åra framover.


Du vil fortsatt finne Bø kommunes nettsider på

www.bo.kommune.no

 

Sist endra 12.04.2018