Ny organisering av skuledagen frå august

Skole.jpg - Klikk for stort bilete Frå august 2019 vil skuledagane ved Bø og Folkestad skule ha ei ny organisering. Orsaka til dette er at det over lang tid har vert eit problem at elevane spiser i undervisningstida, og at dei difor har hatt lita tid til å spise nista si.

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 06.06.2019

Barneskulane i Bø kommune har over lengere tid diskutert problematikken rundt skulanes bruk av undervisningstid til spising av matpakke. Praksisen med å bruke 3. time til spisetime er godt etablert i kommunens skular, og har i det siste ltså blitt løfta fram på ulike måtar som ein problematisk praksis. Dette fordi ein har mista undervisningstid, og fordi ein har opplevd at spisesituasjonen har blitt oppjaga, stressande og såleis ikkje i tråd med nasjonale faglege retningsliner om måltider i skulen. Det er berekna at 30 min spising i undervisningstida kvar dag fører til tap av 95 undervisningstimar på årsbasis. Ved ein av skulane har også elevane måttet vente ute kvar dag i opptil ein halv time på skuleskyss, med dertil tilsyn frå ein vaksen. Dette er sjølvsagt heilt uakseptabelt, og rektorane har beslutta å organisere timeplanen på ein måte som hindrar bortfallet av undervisningstid og unødig venting for elevane.

Skulane har også klart singalisera at tidene for skuleskyss har lagt hindringar i vegen for ei organisering med betre tid til spisepauser og friminutt for elevane. Difor har skulane valgt ei organisering av timeplanen som gjer at behovet for skuleskyss på onsdagar kl. 12.00 (den såkalla "mellomskyssen") fell bort.

For Bø skule sin del har prosessen vert ope, lang og grundig. Plangruppe, leiarmøter og FAU har vore aktive i beslutninga, og det samme har Utdanningsforbundets klubb ved skulen. Saka har vore behandla ved skulen sidan 2016. Folkestad skule har også jobba med utfordringane med spising i undervisningstida den siste tida. Her har leiarmøtene hatt saka oppe, og personalet har gjett klare signalar om at organiseringa av skuledagen må justerast for å frigjere nok tid til spising.

 

Elevane vil frå hausten ha matpauser på 30 minutter som ligg utanfor undervisningstida. Dette fører til at nokon skuledagar blir utvida. Elevane vil fortsatt ha same antall undervisningstimar som dei har pr. i dag. Bø skule vil ha matpause kl. 10.30 - 11.00, og Folkestad skule vil ha matpause kl. 10.50 - 11.20.

Skuledagen vil bli som følgjande:

 

Skuledagen frå hausten 2019
  Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
Bø skule          
1. - 4. trinn 08.30 - 14.00 08.30 - 13.-15 08.30 - 14.00 08.30 - 14.00 08.30 - 13.15
5. - 7. trinn 08.30 - 14.00 08.30 - 14.00 08.30 - 14.00 08.30 - 14.00 08.30 - 13.15
           
Folkestad skule          
1. - 4. trinn 08.30 - 14.15 08.30 - 13.25 08.30 - 14.15 08.30 - 14.15 08.30 - 13.25
5. - 7. trinn 08.30 - 14.15 08.30 - 14.15 08.30 - 14.15 08.30 - 14.15 08.30 - 13.25

 

Folkestad skule sluttar litt seinare kvar dag, dette for at elevane ikkje skal stå å vente på bussen i ein halv time. Elevane ved skulen får ikkje fleire undervisningstimar enn elevane ved Bø skule. Den ekstra tida blir lagt inn i pauser.