Opphevar vedtak om totalforbod mot bruk av åpen eld

Brannsjefen opphevar vedtaket om totalforbod mot bruk av open eld, som blei innført 25. mai 2018 for Bø, Sauherad og Nome kommunar. Opphevinga gjeld frå måndag 18. juni 2018.

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 17.07.2018

Skogrannfaren er for augeblikket redusera til eit normalt nivå for området Bø, Sauherad og Nome.

Tidlegare vedtak gjaldt forbod mot bruk av open eld, som kan antenne gras, skog og liknande inntil situasjonen endrar seg i forhold til skogbrannfara. I tillegg til gjeldande forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, blei det også innført forbod mot bruka av open eld i innmark.

Sjølv om vedtaket nå er oppheva gjeld fortsatt det generelle bålforbodet i perioden frå 15. april til og med 15. september, som seier at einkvan har aktsomheitsplikt. Der ein gjer opp eld eller behandlar brannfarlege gjenstandar, må ein være særleg oppmerksam på faren for uønskt påtenning og spreiing. Desse aktivitetane krev ein spesiell aktsomhet, og ein må ta nødvendige forhandsreglar.

For meir informasjon om skogbrannfaren.

 

St. Hans feiring

Når det gjeld St. Hans feiring i Midt-Telemark, vil alminnelege aktsomhetsreglar gjelde:

  • Det skal være ein edruelig person som har ansvar for brenninga.
  • Bålet skal registreras hos brannvesenet på førehand. 
  • Ansvarleg for brenninga skal ha tilgjengeleg telefon/mobiltelefon. Dette nummeret skal ein oppgje ved førehandsregistreringa.
  • Brenn kun tørre trematerialer. Miljøfarlege stoff skal ikkje brennas.
  • Det skal være tilstrekkeleg med slokkeutstyr i nærleiken (vannslange, vannbøtte, pulverapparat eller lignande).
  • Brenninga må ikkje påføre naturen skade.
  • Brenninga må utføras på ein forsvarleg måte og ikke volde ubehag for naboar eller andre personar.
  • Tillatelse frå grunneigar må være innhenta.
  • Vær og vindforhold må vurderas før brenninga tar til.
  • Det må sørgas for god etterslokking og bålet må uansett slokkas før det blir mørkt.
  • Brenninga går føre seg på eiget ansvar.

 

Ved brann eller farlege situasjonar, ring brannvesenet på nødnummer 110.

Fann du det du leita etter?