Restriksjonar på hagevatning

Hageslange.jpg - Klikk for stort bilete  

På grunn av høgt vassforbruk innførast vatningsforbod for alle abonnentar tilknytta kommunalt vassverk.

Publisert av Anne Gro Kleivi. Sist endra 12.07.2019

Abonnentar som bur på sørsida av riksveg 36 kan vatne tysdag og fredag mellom kl. 20.00 og 22.00.

Abbonentar som bur på nordsida riksveg 36 kan vatne måndag og torsdag mellom kl. 20.00 og 22.00.

Hugs at det ikkje er lov å vatne med spreiar eller å la vasslange ligge å renne. Det er bare lov å vatne med "slange i hand".

Restriksjonane gjeld frå måndag 15.07.2019 og fram til og med veke 35.