Ryddedugnad 5. mai 2018

Bøelva - Klikk for stort bilete Olav Finstad Kvart år deltek tusenvis av frivillige på Strandryddedagen som er Noregs største kollektive ryddedugnad.  

Strandryddedagen er ein nasjonal miljødugnad i regi av Hold Norge Rent der fleire tusen frivillige ryddar strender, øyer, holmer og havbotn langs kysten så vel som langs bekkar, elvar og innsjøar i innlandet. 

Engasjer familie, foreningar/lag, vener, naboar og/eller kollegar til å bli med.

Alle som vil rydde kan registrere ryddeaksjonen sin på ryddeportalen til Hold Norge Rent eller så kan du bli med på ein allerede oppretta ryddeaksjon. Når aksjonen er oppretta vil dykk få ein kode som må oppgis i vekta på avfallsanlegget ved innlevering av avfall som gjer ein rett til å levere gratis. Avfallet kan leverast på Goasholt gjennvinningsstasjon på Notodden.

Du kan også bestille ryddeutstyr som avfallssekkar og hanskar på nettsidene til Hold Norge Rent. Dette bør gjerast i god tid.

 

Bli med på på Strandryddeuken 30. april - 6. mai 2018.

For meir informasjon sjå heimesidene til Hold Norge Rent

Sist endra 07.05.2018