TelemarksVeka 24. - 30. juni

TelemarksVeka.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 01.07.2019

Frå måndag 24. juni til fredag 28. juni reiser Petter Pilgaard og Vendela Kirsebom rundt i fylket. Dette er ei veke med spanande arrangementer i Telemark i samarbeid med TV2.

Tysdag 25. juni kjem Vendela og Petter til Sauherad. Her skal dei besøke Lindheim Gård rundt kl. 10.30 før ferden gjeng vidare til Norsjø ferieland kl. 14.00. Alt dette sendast live på TV2 sine sider på facebook, så følg med!

Fredag 28. juni er det klart for "Sommarfest frå Telemark" i Bø sommarland. Programleier er Katarina Flatland og Bjarne Brøndbo. Både artistar og skistjerner som blir med på dette er til dømes: D.D.E, Staysmann, Morgan Sulele, Keiino, OnklP, eMMa, Therese Johaug, Emil Iversen, Charter Svein, Petter og Vendela med fleir. Dørane opnar klokka 17.00 og showet startar 19.00. Billettar kan kjøpast på Bø Sommarland sine sider.

Laurdag 29. juni er det Sommarlandsprinten i Bø sentrum. Klokka 17.45 blir det stjernemøte på torget der landslagløperane stille opp på. Sprinten startar klokka 19.00 og finalen blir ca kl. 20.45. Premieutdelinga blir på torget rundt 21.00. 

Sundag 30. juni er det klart for Kanalrennet og Kanalrennet jr. i Lunde. 

Detaljert program for TelemarksVeka 2019 finn du her!