Tusen takk til årets bøsseberarar og sjåførar i samband med TV-aksjonen!

Fikk du ikke gitt.jpg - Klikk for stort bilete Søndag 22. oktober gjekk både store og små bøsseberarar i Bø årets viktigaste søndagstur for TV-aksjonen.

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 25.10.2017

TV-aksjonskomiteen i Bø takkar alle dei flotte frivillige bøsseberarane og sjåførane som bidrog til TV-aksjonen 2017. Bø samla inn heile kr 188 727,- på bøssene og via vipps på søndag. Samla bidrag frå Bø er kr 297 881,- i år.

Tusen takk for ein flott innsats alle saman!