TV-aksjonen 2019 - CARE - Ta godt imot bøsseberarane på sundag

 980x300.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 18.10.2019

På sundag 20. oktober besøker ca. 100.000 bøsseberarar kvar enkelt av dei 2,3 millionar husstandane i Noreg. Vi håpar dykk tek godt imot dei.

Dette er blitt ein tradisjon som har vert gjennomført kvart år sidan 1974.

På sjølve dagen kjem bøsseberarane på døra mellom klokka 16.00 og 18.00. Dersom du ikkje har kontantar kan du også betale med VIPPS mens bøsseberaren ventar, på den måten registreras bidraget ditt på din kommune.

 

givermuligheter-2019_2.png - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

Dette gjeng pengane til i år

Årets TV-aksjon har fått namnet "Nå er det hennes tur" og går til CAREs arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokon av verdas mest sårbare område. TV-aksjonen gjeng av stabelen sundag 20. oktober.

Årets aksjon skal gje kvinner moglegheit til å skape sin eigen arbeidsplass, bestemme over eigen kropp og få sin stemme høyrd. Midlane gjeng til CAREs arbeid i ni land: Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afganistan, Jordan og Palestina.

TV-aksjonsmidlane skal gå til desse innsatsområda:

Hennar pengar - hennar moglegheiter
Midlane skal gje unge kvinner moglegheit til å skpe sin eigen arbeidsplass og si eiga inntekt. Meir enn 300 000 kvinner skal få moglegheit til å bli med i ein spare- og lånegruppe, og CARE skal også gje kvinner opplæring i å leie gruppene. Kvinnene skal få tilgang til banktenester, og dei skal løfte fram kvinnelege entreprenørar.

Hennar kropp - hennar val
Midlane skal gje kvinner opplæring i seksuell helse og mødrehelse. CARE jobbar for at kvinner skal ha kunnskap og moglegheit til å bestemme om og når dei ønskjer barn, og kor mange barn dei ønskjer. I tillegg skal kvinner ha tilgang på gode helsetenester ved graviditet, fødsel, og som nybakte mødre.

Hennar draumer - hennar stemme
Kvinner skal få sin stemme høyrd, og delta i beslutningar som angjeng dei sjølve. Dei skal få opplæring i politisk leiarskap, og i deltaking og leiarskap i arbeidslivet og i lokalsamfunnet.
 

Difor er årets TV-aksjon så utruleg viktig!

Les meir om årets TV-aksjon på blimed.no.

Fann du det du leita etter?