Svangerskapsomsorg

Svangerskapsomsorgen i Bø kommune består av jordmor Kristin Småkasin. Ho jobbar for tida i 70% stilling på helsestasjonen. Ho jobber og 30% ved Kongsberg fødeavd. Det vil variere kva for dagar ho er på Bø helsestasjon, men ho er der alltid på onsdagar.

Den gravide har tilbod om oppfølgjing gjennom heile svangerskapet.

Svangerskapsomsorgen har som mål å kunne gje familien eit best mogleg grunnlag for å meistre, og glede seg over svangerskapet og fødselen.

Fyrstegangsgravide får saman med mann/sambuar, tilbod om fødselsforberedande kurs som haldast av jordmor og helsesøster. Familieveileder deltek også på kurset.

Helsestasjonen oppmodar deg som er gravid til ikkje å bruke sterke parfymeprodukt når du kjem til kontroll, da jordmor har allergi  mot dette.

Sist endra 12.06.2018

Kontaktpersonar

Kristin Småkasin

Jordmor