På Bø helsestasjon møter du helsesjukepleiar, jordmor, lege, familieveileder og sekretær.
Tenesta er eit gratis lågterskeltilbod der foreldre kan henvende seg med små eller store utfordringar. Vi legg vekt på ulike tema etter alder på barnet, men foreldra sine spørsmål og behov er sentralt i konsultasjonane.
Du kan be om tolk via telefon dersom du har behov for det.
Kom gjerne innom for vektkontroll utan timeavtale.
Helsestasjonen har tilbod om:
-
Helseundersøking
-
Barnevaksinasjonar
-
Rådgjeving om helse, utvikling hos born, søvn, kosthald, osv.
Det blir lagt vekt på førebyggjande helsearbeid. Helsestasjonen samarbeider ved behov med barnehage, skule og helse- og sosialtenesta. Helsesjukepleiar kan òg kome på heimebesøk.
Når du har født, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for anten heimebesøk eller oppfølgjing ved helsestasjonen. Du er velkomen til å ta kontakt med helsestasjonen om du har spørsmål, eller dersom helsestasjonen ikkje tek kontakt med deg i løpet av dei første dagane etter heimkomst. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.
Helsestasjonen har òg tenestetilbud frå familieveileder som m.a. kan tilby:
-
Foreldrestøttande arbeid med fokus på foreldresamarbeid
-
Innarbeiding av daglege rutinar og gjeremål
-
Veiledning i positiv kommunikasjon
-
Kontakt mellom foreldre og barn, konflikthandtering og grensesetting
-
Barnesamtaler
Helsestasjonen er åpen kvar dag mellom 08.00 og 15.30.
Akkurat flytta til Bø? Me oppfordrar alle nytilflytta barnefamiliar om å ta kontakt med helsestasjonen.
Nyttige nettsider:
Ammehjelpen - alt om amming.
Brosjyre om mat og måltid for spedbarn fra Helsedirektoratet
Foreldrehverdag.no hjelper deg å bli betre kjent med barnet ditt og deg sjølv, og handler om forholdet mellom dere. Du får ikkje fasitsvar, men kanskje nokon nye tankar om kvirfor du gjer som du gjer, kvifor barnet ditt gjer som det gjer og korleis de kan få det betre saman i kvardagen.