Skulehelsetenesta i vidaregåande skule

Tone Lie Sund er helsesjukepleiar ved Bø vidaregåande skule. Helsesjukepleiar har eige kontor og fast trefftid på skulen to dagar i veka. 

Det er ikkje timebestilling, du møter opp og kjem inn etter kvart som det blir ledig. Du får ikkje ureglementert fråvær for avtale medhelsesjukepleiar.

Helsesjukepleiar gir m.a.:

  • prevensjonsrettleiing
  • resept på p-piller eller anna hormonell prevensjon
  • ein å snakke med som har teieplikt
  • hjelp til vidare henvising og behandling

Helsesjukepleiar samarbeider med leiinga ved skulen, rådgjevartenesta, fastlegar, PPT (Ped. psyk.teneste), barnevern, BUP (Barne- og Ungdomspsykiatrisk poliklinikk) og DPS (voksenpsykiatri > 18 år). 

Trefftid for helsesjukepleiar på Bø vidaregåande skule (PDF, 453 kB)

Publisert av Jorunn Verpe. Sist endra 29.10.2019

Skulehelsetenesta er ein lovpålagt teneste som driv helsefremjande og førebyggjande arbeid for å fremje helse og trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold. Vi skal bidra til å førebyggje fysisk og psykisk sjukdom og skade.

Kontaktpersonar

Tone Lie Sund

Helsesjukepleiar på Folkestad skule og Bø VGS