Reisevaksinasjon

Treng du reisevaksiner før utanlandsreise, kan du som innbyggjar eller student i Bø kommune kontakte helsestasjonen for denne tenesta. Helsesøster Anne Elisabeth Hjukse og helsesøster Mari Nordbø har fleire års erfaring på området. 

Ring for timebestilling: 35 05 93 50

Hugs at det er viktig å ta kontakt i god tid før utanlandsreise, gjerne fire til fem veker i forkant, slik at du kan få vaksiner innanfor dei anbefalte grensene mellom vaksinasjon og reisetidspunkt. 

Reisevaksinasjon er ikkje ein lovpålagd oppgåve. Vi er klar over at helsestasjonene i nabokommunene ikkje lenger har kapasitet til å gje dette tilbodet, men kan dessverre ikkje ta imot bestillingar utover dei som kjem frå kommunens eigne innbyggjarar.

Vi viser til Telemark Vaksinasjonssenter AS

Telefon 35 51 96 80

Besøksadresse:
Byfogd Paus gate 10, 3717 Skien

 

Kva for reisevaksiner bør eg ta?

 

Tomt for hepatitt A-vaksine til voksne (Vaqta, Havrix, Avaxim)

(OPPDATERT  28.02.2018)

Det er mangel på hepatitt A-vaksine globalt. Folkehelseinstituttet er tom for Vaqta, Havrix og Avaxim til voksne.

Vaqta og Avaxim blir tilgjengelig tidligst i mai 2018. Havrix blir tilgjengelig tidligst i juli 2018.

Sist endra 05.06.2018