Flyktningehelseteneste

Helseteneste til flyktningar

Flyktningar og innvandrarar som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen, har rett til nødvendige helsetenester på lik linje med andre som oppheld seg i kommunen. Kommunens helsetilbod skal sørge for at flyktningar får nødvendig somatisk og psykisk helsehjelp 

Ta kontakt med helsestasjonen på telefon 35 05 93 50 dersom du ønskjer å snakke med helsesøster.

Målgruppe

• Flyktningar og innvandrarar som er tilflytta kommunen og nybusett. 

• Innafor denne gruppa skal følgjande personar gis spesiell oppmerksomheit og

oppfølging: 

• Personar fra område kor det er høg risiko for bestemte infeksjonsjukdommar 

• Overføringsflyktningar (kvoteflyktingar) direkte fra flyktningleire i utlandet med

behov for førstegangsundersøking, utredning og oppfølging 

• Familiegjenforeinte til herbuande flyktningar som har budd i Norge i 5 år eller

mindre. 

• Flyktningar fra asylmottak som blir busette i kommunen. 

• Einslege mindreårige,( flyktningar under 18 år som kjem til Norge utan

foreldre). 

• Flyktningar som kjem fra andre kommunar (sekundærbusetting).

 

Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ei klage til kommunen eller direkte til leiar ved helsestasjonen. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.


Lovar

•   Kommunehelseloven

•   Pasientrettighetsloven


Ansatte for flyktningehelsetenesta

• Helsesøster Gunhild Pallesen Mustikay

Sist endra 07.06.2017

Kontaktpersonar

Jorunn Verpe

Leiande helsesjukepleiar