Familieveileder

"Før små utfordringar blir til store vanskar"

Bø Kommune ønsker å gje barnefamiliar tidleg hjelp, slik at små problem ikkje utvikler seg til store vanskar. Tilbodet er meint for alle barnefamiliar med behov, men prioritert gruppe vil vere familiar der eitt eller fleire av barna er 0-6 år. Familieveileder er ein del av helsestasjonstilbodet, og er gratis 

Tenesta frå familieveileder er i hovedsak forebyggjande og foreldrestøttande arbeid som blir avtalt i samarbeid med familien og evt. andre i hjelpeapparatet. Det vil vere vanleg arbeidsmåte å samarbeide med familien i heimen, og/eller i kontorsamtaler.

Kontakten vil alltid bli oppretta etter avtale med familien. Foreldre kan sjølv ta kontakt på telefon, eller på helsestasjonen. Tema for første samtale er som regel kartlegging av familiens behov, og nærare informasjon om tenestetilbudet. Oppfølging og samarbeid med familien skjer over kortare eller lenger tid, ut fra familiens behov.

Eksempel på kva familieveileder og familien kan samarbeide om:

  • Råd og veiledning knytt til barnets behov, utvikling og atferd
  • Foreldresamarbeid i barneoppdragelsen
  • Innarbeiding av daglege rutinar 
  • Samarbeid, konflikthandtering og grensesetting
  • Veiledning og støtte til familiar som har barn med særskilte behov
  • Individuelle samtaler med barn etter avtale med foreldre
  • Samarbeid med andre etter avtale med familien
Sist endra 29.10.2019

Kontaktpersonar

John Gramstad

Familieveiledar