Tuberkulosekontroll

Kjem du frå eit land der tuberkulose er utbreidd, har du plikt til å gjennomgå ei tuberkuloseundersøking. Tuberkuloseundersøkinga består av røntgenfotografering av lungene og blodprøve. 

Tuberkulose er ein infeksjon som kan ramme ei rekkje organ, og som kan vere livstrugande utan behandling. Den vanlegaste og smittsame formen er lungetuberkulose.

Publisert av Tone Lie Sund. Sist endra 12.06.2018

Timebestilling

Ring Bø helsestasjon, tlf. 35059350.

 

Målgruppe

Desse personane har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkinga, jf. kapittel 3 i tuberkuloseforskrifta:

  • Personar som skal opphalde seg meir enn tre månader Noreg, som må ha opphaldsløyve, registreringsbevis eller opphaldskort og som kjem frå land der tuberkulose er utbreidd 
  • Flyktningar og asylsøkjarar som kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
  • Personar som skal arbeide i helse- og sosialtenesta, som lærarar eller i andre stillingar der dei har kontakt med born, og som i løpet av dei seinaste tre åra har kome frå eller har opphalde seg minst tre månader i land der tuberkulose er utbreidd

Kor raskt må undersøkinga skje?

Kommunen skal sørgje for at undersøkinga blir gjennomført så snart som råd. Flyktningar og asylsøkjarar skal undersøkast innan fjorten dagar etter innreise. Personar som skal tiltre ei stilling, skal undersøkast med lungerøntgen før tiltredinga. 

Ein person med tuberkulose har plikt til å rette seg etter legen sine tilvisingar og om nødvendig la seg isolere for å motverke at sjukdommen blir spreidd til andre. 

Pris

Tuberkuloseundersøkinga er gratis.