DAGTILBOD BØ ARBEIDSSENTER

Bø Arbeidssenter har dagtilbod for deg som er over 18 år og som av ulike årsaker ikkje kan delta i vanleg arbeidsliv. Tilbodet blir tilpassa dine interesser, ressursar og behov for å få ein meiningsfull kvardag.

Publisert av Endre Lund. Sist endra 09.04.2018

Vi har både gruppetilbod og ein til ein -tilbod, tilpassa ditt behov for oppfølging. Alle har sin eigen vekeplan.  

Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere produksjon av varer til eksterne aktører, vedproduksjon, tekstil og montering, kantinearbeid, kafèvirksomhet og fysisk aktivitet.

Vi har dagtilbod måndag til fredag i tidsrommet 08:45–14:45. Vi har 3 veker feriestengt om sommaren, jul og påske har vi 1 veke feriestengt.

 

Korleis få tilbod

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Tildelingskontoret behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine behov. 

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om dagtilbod gjennom Bø Arbeidssenter.


Gå til søknadskjema

 

Send søknad til:

Bø Kommune
v/Tildelingskontoret
Postboks 83, 3833 Bø

 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.