Liv og Røre i Telemark

Prosjektet Liv og Røre i Telemark skal bidra til betre læring, trivsel og helse for barn og unge i skular og SFO, gjennom ein time dagleg fysisk aktivitet, betre kosthald og eit betre psykososialt miljø i grunnskulane. 

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 01.09.2017

Tiltaket bygger på den forskingsbasera modellen som kallas Active Smarter Kids (ASK), ein modell for fysisk aktivitet i fag som eit metodeval og variasjon i undervisinga. I tillegg bygger den på Helsedirektoratets nasjonale faglege retningslinjer for mat og måltid i skulen.

Målet for prosjektet er at alle elevar ved Bø-skulane skal ha «Liv og Røre» som ein del av sin skulekvardag, i løpet av dei neste åra. SFO er allereie i gang med prosjektet gjennom «Fiskesprell», som et eit nasjonalt kosthaldsprogram der målet er å auke barn og unges fiske- og sjømatkonsum. Tannhelsetenesta og skulehelsetenesta vil også ha sentrale roller i prosjektet.

Me gleder oss til å sette i gang med Liv og Røre i Bø!