Kunngjeringar og høyringar
Publisert 21.01.2019

Det er utarbeida eit forslag til vedtekter for dei kommunale barnehagane i Midt-Telemark kommune. Det har vore oppe i ei arbeidsgruppe beståande av styrarane frå dei kommunale barnehagane. Styrarane frå dei private barnehagane har og fått lese gjennom forslaget. Administrasjonen ønsker at dei nye vedtektene skal gjelde frå 01.01.20.

Høyringsfrist 08.02.19. 

Sjå dokument om Forslag til nye vedtekter for barnehagane i Midt-Telemark kommune (PDF, 603 kB).

Publisert 27.11.2018

Rådmannens forslag til budsjett 2019 blei behandla i Formannskapet 26. november 2018. Formannskapets innstilling er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehuset, fram til Kommunestyret si behandling 10. desember.

Endeleg vedtak gjeras av Kommunestyret 10. desember 2018.  

Sjå Formanskapet si behandling (PDF, 702 kB) for heile saka, eller les Handlingsdel med økonomiplan og budsjett 2019-22 (PDF, 2 MB).

Publisert 08.11.2018

Varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av planprogram.

Sauherad og Bø kommunar skal slå seg samen til Midt-Telemark kommune med verknad frå 1.1.2020. Kommunane varslar med dette at ein vil starte arbeidet med ny overordna Risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS-analyse) og Beredskapsplan for Midt-Telemark kommune. Overordna ROS-analyse vil bli utarbeidd som ein kommunedelplan jf. plan- og bygningslova §11-12.

Høyringsfrist 21.12.2018.