Høyring - Opning for jakt og fangst av bever og kommunale målsetningar for bever i Midt-Telemark

Bever - Klikk for stort bilete Miljødirektoratet fastsatte den 26. april 2017 fast ny forskrift om forvaltning av bever. Forskrifta skal forenkle forvaltninga, og det opnast for at bever forvaltes meir likt småvilt. Det vil difor ikkje lengere vere behov for at kommunen skal godkjenne vald for bever eller tildele fellingskvote.

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 17.07.2017

Den nye forskrifta om forvaltning av bever inneber at kommunane må vedta mål for forvaltninga av bever og ei forskrift om opning av jakt etter bever. Forslag til forskrift og kommunal målsetting for dei tre Midt-Telemark kommunane leggjast nå ut på høyring i eit og same brev.

Høyringsdokumentene (PDF, 328 kB) for Bø kommune vil du finne her.
 

Frist for innspel til høyringa er 11. august 2017.