Kommunestyret

 

Kommunestyret er Bø kommunes høgste styreorgan og består av 25 medlemmar. Desse medlemmane er folkevalde representantar og velgast av innbyggjarane etter reglar fastsatt i lov. Valget gjeld for fire år. Kommunestyret treffer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna fylgjer av lov eller delegasjonsvedtak. Det er ordføraren som leiar kommunestyret. Møtene haldast på kommunestyresalen på kommunehuset, og er ope for publikum viss ikkje anna fylgjer av lovbestemt taushetsplikt.

 

Sjå møtekalender og medlemmer av kommunestyret her

 

Spørjetime

Kommunestyret vedtok den 13.10.2008 å innføre open spørjetime i kommunestyret. Alle innbyggjarar i kommunen kan stille spørsmål. Det vert halde inntil 30 minutt med offentleg spørjetime rett før kommunestyret si ordinære sakshandsaming tek til.

Spørsmåla må leggjas fram for ordføraren skriftleg seinast 4 dagar før møtet. Spørsmålet vert lese opp av spørsmålstillar. Dersom spørsmålet vert stilt kommunestyret, avgjer ordførar kven som skal svare.

Spørsmåla må gjelde kommunale tilhøve og vere av allmenn interesse for kommunen sine innbyggjarar. Personlege saker og saker som etter lov skal behandlast for stengde dørar skal ikkje takas opp.

Spørsmål skal sendast ordføraren via servicekontoret: postmottak@bo.kommune.no

Sist endra 13.06.2017