Ordførar

Ordførar Borgar Kaasa i Evjudalen - Klikk for stort bilete

Ordføraren er kommunens øvste politiske leiar, sit som møteleiar for kommunestyret og formannskapet og er kommunens rettslege og formelle representant.

Ei viktig oppgåve for ordføraren er å vere eit bindeledd mellom dei folkevalde og administrasjonen. Ordføraren er òg eit ombod for innbyggjarane.
 

Borgar Torbjørn Kaasa (Sp) er født 16. august 1955 i Bø, og har vært ordførar i Bø sidan 1. november 2018. Han bur på Langkåshaugen, er gift og har to vaksne barn og to barnebarn. 

Som politiker er han opptatt av gode vilkår for næringslivet, og gode tenester for innbyggarane. Det er også viktig for han at dei som jobbar i kommunen har gode arbeidsdagar. Han ynskjer å bidra til å få ein god overgang mellom gammal og ny kommune. I tillegg vil han være tilgjengeleg for innbyggarane. 

Borgar har vært aktivt med i kommunepolitikken i 16 år, og er nå inne i sin fjerde periode i kommunestyret. I tillegg har han sitte som leiar i PTN i 3 periodar. 

Sist endra 23.11.2018

Kontaktpersonar

Borgar Kaasa

ordførar