BØ KOMMUNE BETRAR DIGITAL FAKTURAUTSENDING

Kunder med BrevGiro-avtale som mottar en vanlig faktura uten den "grønngule girodelen", kan signere på denne, legg den ved følgeseddelen og sende inn i brevGirokonvolutt.  Det er viktig at faktuaren inneholder kreditkonto, beløp og KID.  Nets mottar og behandler fakturaer som blir sendt i BrevGirokonvolutt.
 
Betalingsmetode - Klikk for stort bilete
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Sauherad og Bø kommunar startar nå med ein betre rutine for utsending av fakturaer. Dette blir gjort for å effektivisere og redusere kostnader, og vil bli vidareført i Midt-Telemark kommune.
Med denne løysinga vil ein forsøke å sende alle fakturaer, purringar og betalingsvarslar digitalt.
 
 
Fakturaer til privatkundar blir sendt i følgjande prioriterte rekkefølgje:
1. AvtaleGiro
2. eFaktura
3. Vipps
4. Digital postkasse (Digipost eller eBoks)
5. Vedlegg i ein epost.
 
Dersom ingen av alternativa over er mogleg, blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassa di.
 
Utsendinga til deg skjer til den første digitale måten som er tilgjengeleg for kommunen.
Slik går du fram for å kunne motta digital faktura frå oss:

Fakturaer til bedriftskundar blir sendt i følgjande prioriterte rekkefølgje:

1. EHF-faktura (registrert i ELMA-registeret)
2. Vedlegg i ein ePost
3. Papirfaktura i posten
 

Purringar og betalingsvarslar blir sendt i følgjande prioriterte rekkefølgje:

1. Digital postkasse (Digipost eller eBoks)
2. ePost
3. Papir i posten
 

Papirfaktura og brevgiro

Den nye løysinga fører til at alle fakturaer blir forsøkt sendt digitalt. Dersom dette ikkje er mogleg, blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassa di.
 
Kunder med BrevGiro-avtale som mottek ein vanleg faktura uten den "grønngule girodelen", kan signere på denne, legge den ved følgeseddelen og sende inn i brevGirokonvolutt. Det er viktig at faktuaren inneheld bankkontoen det skal betalast frå, beløp og KID. Nets mottar og behandlar fakturaer som blir sendt i BrevGirokonvolutt.
 
Meir informasjon om digital fakturautsending finn du på heimesida til kommunen.
Har du spørsmål – kontakt Servicetorget på telefon 35059000 eller på epost til postmottak@bo.kommune.no
Publisert av Anne Gro Kleivi. Sist endra 18.10.2019

 

Fann du det du leita etter?