Detaljreguleringsplan for Sandvinhagen vedtatt

Plankart - Klikk for stort bilete Kommunestyret i Bø vedtok 17.06.19 detaljreguleringsplan for Sandvinhagen. Planen er fremja av Telemark ByggEntreprenør AS og legg til rette for ny konsentrert busetning med bustader i rekkje.

Publisert av Elin Blutecher. Sist endra 19.09.2019

Bø kommunestyre vedtok 17.06.2019 sak 62/19 pdf  (PDF, 671 kB)detaljreguleringsplan for Sandvinhagen i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. Føremålet med planen er å leggje til rette for ny konsentrert busetning med bustader i rekkje i områda BKS1 og BKS2 med tilhøyrande infrastruktur. Planen legg og til rette for oppstramma kryss fra FV 152 og inn på Sandvinvegen samt oppstrammet kryss inn til Sandvoll parkeringsplass for å betre trafikkforholda. 
Planen er utarbeidd av Planhuset AS på vegne av Telemark ByggEntreprenør AS.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12. Klager må vere skriftlege og sendast til postmottak@bo.kommune.no eller i post til Bø kommune, Teknisk eining, Pb 83, 3833 Bø innan 23.08.19. Krav om erstatning eller innløysning etter § 15-2 i plan- og bygningslova må setjast fram seinast 3 år etter kunngjering av vedtaket. 

Plankart  (PDF, 608 kB)
Reguleringsføresegner (PDF, 713 kB)
Planomtale  (PDF, 2 MB)
ROS analyse (PDF, 786 kB)
Grunnundersøkelser-notat (PDF, 2 MB)
Referat fra oppstartsmøte (PDF, 2 MB)

Fann du det du leita etter?