Evjudalen utmerkar seg nasjonalt!

 

Aldervennlig stedsutvikling - Klikk for stort bilete

I den nye handboka om aldersvenleg stadsutvikling er Bø og Evjudalen nemd som eit eksempel på ein slik stad. Dei peikar au på at Bø kommune fekk Telemark fylkeskommune sin tettstadpris for frodig satsing i sentrum. 

Dette står det om handboka: "Skal vi lykkes med å skape eit samfunn som er godt for alle treng vi fysiske miljø som inviterar til aktivitet og møter mellom menneske, på tvers av alder og funksjonsnivå".

Publisert av Anne Gro Kleivi. Sist endra 08.07.2019

Dette er dei aldersvenlege tiltaka dei peikar på i Evjudalen: 

• Trafikksikker og universelt utforma park, som knytter ulike delar av sentrum saman

• Fungere både som transportåre og turløype

• Tilrettelagt for ulike aldersgrupper som bidrar til liv og aktivitet

• Godt tilrettelagt for eldre med tanke på benkar og belysning

 

"Dersom Bø kombinerer denne satsingen med å utvikle fremtidsrettede boligkonsept med fellesskapsløsninger på tvers av generasjoner i sentrum, så ser vi konturene av et aldersvennlig tettsted hvor alle kan omgås på en naturlig måte i hverdagen"

 

Handboka er laga på oppdrag frå Helsedirektoratet. Link finn du her, og det står om Evjudalen på side 82 og 83.