Få hjelp til å sette i stand ditt kulturminne

Gjennom Kulturminnefondet kan private eigarar få støtte til tiltak for å bevare sine verneverdige kulturminner. Også frivillige lag og foreiningar, anten dei eig kulturminna sjølv eller forvaltar dei på vegne av andre, kan søkje.

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 15.01.2019

Sidan Kulturminnefondet gav sine fyrste tilskot i 2003, har nerare 5.000 prosjekter fått støtte på til saman 780 millionar kroner. I 2019 delar Kulturminnefondet ut over 100 millionar kroner til prosjekt over heile Noreg.
 

Kva støttas?

Kulturminnefondet støttar tiltak på alle typer faste kulturminner, som hus og bygningar, fartøy, hageanlegg og kulturlandskap. I Kulturminnefondets prioriteringar legg dei vekt på kommunanes kulturminneplanar, med føremålet om at eit mangfald av landets kulturminner blir bevart og teken i bruk i framtida for felles oppleving, kunnskap og verdiskaping.
 

Her kan du lese meir om Kulturminnefondets prioriteringar og spørsmål dei ofte får.
 

Løpande søknadsfrist

Tidlegare har det vert ein årleg søknadsfrist, men frå i år er denne løpande. Det betyr at private eigarar når som helst kan sende Kulturminnefondet ein søknad.
 

Her finn du Kulturminnefondets søknadsportal og vegleiing til søknaden.