Faktura frå Bø kommune

Faktura.jpg - Klikk for stort bilete

Bø kommune har tatt i bruk Standardblankett. Det er ein faktura som skal væra utan girodel nedst på arket.

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 06.06.2019

Det viser seg at dei som har fått tilsend faktura med fakturadato 27.05.2019 frå vår eksterne printleverandør, har fått eit påtrykk av ein girodel, som ikkje skal væra der. Opplysningane du treng for å betale fakturaen, finn du likevel oppe i høgre hjørne. Er ikkje informasjonen leseleg, så ta kontakt med oss.
Detta ser ikkje fint ut, og vil bli retta opp før neste sending.

Brevgiro

Bruk av Standardblankett, gjer til at det ikkje lenger er mogleg å bruke Brevgiro, ved betaling til Bø kommune. Dei kundane som ikkje har nettbank må ta kontakt med banken sin, for å opprette Avtalegiro. Når du ringer banken, er det lurt å ha tilsend faktura tilgjengeleg.

E-faktura

I følgje vår bankforbindelse har det vore oppdateringar i bankane, som har ført til at alle som ikkje har takka nei til elektronisk faktura, har fått det automatisk. Om du ikkje ønskjer å ha det slik, må du slette e-faktura-avtala i nettbanken, eller ta kontakt med banken å få hjelp der. Detta er ei avtale mellom deg som kunde og banken, og Bø kommune kan ikkje aktivere og heller ikkje slette slike avtaler.

Fann du det du leita etter?