Førehandsrøystinga til kommunestyre- og fylkestingsvalet startar 12. august

Stemmelokale - Klikk for stort bileteStemmelokale Kommunal- og moderniseringsdepartementet  

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 20.08.2019

I år er det kommunestyre- og fylkestingval, det vil sei at du kan røyste ved to val. Valet skal gjennomføras som om samanslåinga av kommunane og fylka allerie er gjennomført.

Ved valet veljas det kven som skal representere innbyggjarane i kommunestyret og fylkestinget. Det er dei lokale sakane som påverkar kvardagen din mest. Når du røystar er du med å avgjer kven som skal representere deg og dine interesser i kommunestyret og i fylkestinget.

Førehandsrøystinga startar måndag 12. august

Frå måndag 12. august til og med fredag 6. september kan du førehandsrøyste i kven som helst kommune i landet. Vi vil oppfordre folk til å førehandsrøyste, slik at ein slepp unna kø på valdagen 9. september.

Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på røystinga. Det betyr at dersom du førehandsrøyster, kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.

Vi har ope for førehandrøysting måndag til fredag frå kl. 09.00 - 15.00 på både kommunehuset på Akkerhaugen og servicekontoret i Bø (Bekkevoll - Teknisk eining). 

 I tillegg er det mogeleg å røyste på Bekkevoll laurdag 31. august frå kl. 10.00 til 14.00.

Andre førehandsrøystestader og tidspunkt er publisert i avisene og på heimesidene til Bø og Sauherad kommunar.

 

Ambulerande røysting/stemme heimefrå

Om du på grunn av sjukdom eller uførhet ikkje har moglegheit til å avgje røysting der det haldas førehandsrøysting, kan du etter søknad til valstyret i Midt-Telemark kommune avgje førehandsrøyste heimefrå. Det er ikkje krav til at du må oppgje orsak til kvifor du har behov for å røyste heime.

Søknadsfristen for å søkje om å stemme heimefrå er 3. september kl. 15.00.

Ta kontakt med servicekontoret i Bø eller Sauherad for å gjere avtale.

 

Hugs legitimasjon når du skal røyste

Legitimasjon må minst innehalde veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Legitimasjon kan f.eks. vere pass, førarkort eller bankkort med bilete.

Det er ikkje naudsynt med valkort, men det forenklar valfunksjonæranes arbeid dersom du tek det med deg, og det gjeng raskare for deg å røyste.

 

Illustrasjonsbilete - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete Tore Fjeld Parti som stiller liste til kommunestyre- og fylkestingsvalet

Oversikt over kva for partier som stiller liste ved valet finn du på heimesidene under godkjente vallister.

 

 

 

For meir informasjon om valet finn du på heimesida eller på valg.no.

Fann du det du leita etter?