Frivillige lag og organisasjonar kan nå søke om momskompensasjon

Momskomp - Klikk for stort bilete  

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 07.06.2019

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,6 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2019.

Mange som ikkje søker

Erfaring frå tidlegare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søker om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Vi ønskjer å nå fleire

Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søker, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. Vi prøver difor å nå ut til desse gjennom kommunane og fylkeskommunane, og ber om hjelp til å formidle informasjonen i denne e-posten til lag og organisasjonar i din kommune/distrikt.

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden vår. Her finn de og informasjon om viktige endringar i forskrifta som gjev effekt frå søknadsåret 2019.

Dersom de lurer på noko, ta kontakt med oss på e-post postmottak@lottstift.no eller
telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser

For enkeltståande søkarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfrist

Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2019.

Sentralledd har tidlegare frist

Merk at sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Må vere registrert i Frivilligregisteret

Alle mottakarar av mva. kompensasjon vere registrert i Frivilligregisteret
innan 1. september 2019. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd.
Hugs at registrering kan ta litt tid