God tur heim, Keisuke!

IMG_4252.jpg - Klikk for stort bilete I to år har den japanske fiolinmakaren Keisuke Hara budd  i Bø for å lære seg å bygge hardingfeler - i bygda med tre feler i kommunevåpenet. Nå er han snart på heimveg med eigne feler i bagasjen! 

Publisert av Hilde Pedersen. Sist endra 16.11.2017

Læremeisteren, spelemann og felemakar Ottar Kåsa, fortel at Keisuke har jobba hardt for å lære seg felemakarkunsten. Dette har har ikkje berre resultert i flotte instrument, men også i eit nært eit venskap. Keisuke har vore som ein del av familien til Ottar Kåsa og Vigdis Liahagen i Øvrebø.  

Onsdag ettermiddag inviterte ordførar Olav Kasland og kultursjef Hilde Pedersen til ein avskjedsvisitt; vi set stor pris på ditt engasjement for hardingfela, sa Olav Kasland og ønskja lukke til vidare.