HentMeg - Nytt busstilbod i Bø frå 1. juli

HentMeg.jpg - Klikk for stort bilete

Frå 01.07.2019 vil HentMeg-bussen erstatte Bøbussen.

HentMeg er eit samarbeidsprosjekt mellom mobilitetsselskapet Kolumbus, teknologiselskapane Spare og Geta, Bygdepakke Bø og Sauherad, Vy Buss og Telemark fylkeskommune (Farte).

HentMeg er ein heilt ny måte å tenkje kollektivtrafikk på. Du bestiller transport på hentmeg.no eller telefon, gjeng til nærmaste hentepunkt til avtalt tid og gjeng om bord i ein liten buss. Der sitt det gjerne andre passasjerar som har hoppa på bussen før den kom til deg. Du betalar vanleg busspris og fraktast dit du ba om i bestillinga. På vegen kan bussen plukke opp og sette av andre passasjerar.

Korleis bestille HentMeg?

Bestill henting på hentmeg.no (nett eller mobil). For dei som ikkje har moglegheitar for å bestille på hentmeg.no så kan ein bestille på telefon til Bø kommune 35 05 90 00 (innanfor kommunens opningstider). Jo tidlegare du bestiller, jo større sjanse er det for at du blir henta akkurat når du ønskjer. Forutsatt at det er ledig kapasitet, vil bussen hente deg til avtalt tid med ei slingringsmonn på pluss/minus 15 minuttar. Du får beskjed per. sms kort tid før henting med meir eksakt tidspunkt. Du kan også følgje bestillinga di på nett. 

Bestillinga opnar på nett ila. fredag 28. juni.

Kor og når gjeng bussen?

HentMeg-bussen er tilgjengeleg i området som er merka på kartet på hentmeg.no innanfor området der Bøbussen gjeng i dag. Bø sentrum, Breisås, Nordbøåsen, Folkestad, Bø Sommarland, Telemarkshallen og Beverøya camping.

Måndag til fredag i sommarsesongen (01. juli - 18. august) frå kl. 08.00 - 20.00.
Laurdag og sundag i sommarsesongen frå kl. 09.00 - 20.00.

Køyretidene i skuleåret (19. august - 31. desember) er frå kl 06.55 - 20.00 måndag til fredag.

Skuleskyss vil gå som i dag.

Betaling/pris

Du betalar vanleg busspris. Betal som vanleg med Fartekortet anten med periodebillett (månadskort) eller reisepengar (verdi). Du kan også kjøpe billett kontant ombord i bussen.

  • Enkeltbillett innanfor Bø kommune (1 sone): kr. 20,- for barn/honnør og kr. 39,- for vaksen. Kan kjøpas kontant på bussen eller som reisepengar på reisekortet.
  • Periodebillett 30 dagar/månadskort: kr. 300,- for barn/ungdom, kr. 465,- for ung vaksen/student, kr. 800,- honnør og kr. 1370,- for vaksen.

Sjå meir informasjon om billettar og prisar her.

Om bussen

Det er plass til over 20 personar i bussen. På bussen er det plass til barnevogn, rullator/rullestol og sykkel. Her vil plassbegrensningsreglane gjelde og det er sjåføren som er ansvarleg for sikkerheita ombord.

Meir informasjon

  • Utfyllande informasjon om HentMeg på farte.no
  • Har du spørsmål om tilbodet? Send ein mail til farte@t-fk.no. Dei svarar på alle henvendingar.
Sist endra 03.07.2019
Fann du det du leita etter?