HentMeg - Nytt busstilbod i Bø

HentMeg.jpg - Klikk for stort bilete

Frå 01.07.2019 vil HentMeg-bussen erstatte Bøbussen.

HentMeg er eit samarbeidsprosjekt mellom mobilitetsselskapet Kolumbus, teknologiselskapane Spare og Geta, Bygdepakke Bø og Sauherad, Vy Buss og Telemark fylkeskommune (Farte).

HentMeg er ein heilt ny måte å tenkje kollektivtrafikk på. Du bestiller transport på www.hentmeg.no eller telefon, gjeng til nærmaste hentepunkt til avtalt tid og gjeng om bord i ein liten buss. Der sitt det gjerne andre passasjerar som har hoppa på bussen før den kom til deg. Du betalar vanleg busspris og fraktast dit du ba om i bestillinga. På vegen kan bussen plukke opp og sette av andre passasjerar.

Korleis bestille HentMeg?

Bestill henting på hentmeg.no (nett eller mobil) eller på telefon til Bø kommune 35 05 90 00 (innanfor kommunens opningstider). Jo tidlegare du bestiller, jo større sjanse er det for at du blir henta akkurat når du ønskjer. Forutsatt at det er ledig kapasitet, vil bussen hente deg til avtalt tid med ei slingringsmonn på pluss/minus 15 minuttar. Du får beskjed per. sms kort tid før henting med meir eksakt tidspunkt. Du kan også følgje bestillinga di på nett. 

Kor og når gjeng bussen?

HentMeg-bussen er tilgjengeleg i området som er merka på kartet (kart kjem etterkvart) innanfor området der Bøbussen gjeng i dag. Bø sentrum, Breisås, Nordbøåsen, Folkestad, Bø Sommarland, Telemarkshallen og Beverøya camping.

Køyretidene i skuleåret (19. august - 31. desember) er frå kl 06.55 - 20.00.

Måndag til fredag i sommarsesongen (01. juli - 18. august) frå kl. 08.00 - 20.00.
Laurdag og sundag i sommarsesongen frå kl. 09.00 - 20.00.

Skuleskyss vil gå som i dag.

Betaling/pris

Du betalar vanleg busspris. Betal som vanleg med Fartekortet anten med periodebillett (månadskort) eller reisepengar (verdi). Du kan også kjøpe billett kontant ombord i bussen.

Om bussen

Det er plass til over 20 personar i bussen. På bussen er det plass til barnevogn, rullator/rullestol og sykkel. Her vil plassbegrensningsreglane gjelde og det er sjåføren som er ansvarleg for sikkerheita ombord.

Meir informasjon

Sist endra 31.05.2019