Invitasjon til foreldre i Circle of security (COS-P) Trygghetssirkelen

Trygghetssirkelen - Klikk for stort bilete Helstastasjonen i Bø og Sauherad har gleda av å invitere foreldre som har born i alderen 0-5 år til kurs i programmet Circle of Security.

Publisert av Anne Gro Kleivi. Sist endra 07.08.2019

Kursa kan være til nytte for alle foreldre anten de har små eller store born. COS-P kan dessutan kome til glede og nytte i alle relasjonar, ikkje bare mellom deg og ditt born. 

COS-P er eit foreldreveiledningsprogram som bygger på grunnprinsipp frå meir enn 50 års forsking med born og foreldre. Foreldre og omsorgspersonar er dei næraste til å stø barna sine på vegen mot trygge, glade og sosiale barn. 

Programmet legg opp til 8 gruppesamlingar, kvar på 2 timar, med ei veke mellomrom. Kurset er gratis og det blir servera varm og kald drikke på kurskveldane. 

Påmeldingskjema (DOCX, 348 kB) sendast til: foreldre.helsestasjonen@bo.kommune.no eller kan leverast til kommunen på Bekkevoll. 

Når:

Tysdagar kl. 13.00-15.00 (Sauherad helsestasjon)

                                 eller

Onsdagar kl. 17.00-19.00 (Bø helsestasjon)

Oppstart i veke 37. Kurset varar i 8 veker. 

 

For eventuelle spørsmål ta kontakt med:

John Gramstad, Familieveileder Bø helsestasjon, 35 05 93 50

Fann du det du leita etter?