Invitasjon til foreldrekurs i Circle of Security (COS-P)

Helsestasjonen i  Bø og Sauherad har gleden av å invitere foreldre som har barn som går i 1.-7. klasse til kurs i programmet Circle of Security (COS-P), Trygghetssirkelen.

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 01.02.2019

Programmet legg opp til åtte gruppesamlingar, kvar på 2 timar.

Kurset er gratis, og det blir servera varm og kald drikke på kurskveldane. 

 

Når: Tysdagar frå 17.00-19.00 med oppstart 5. mars.

Kursstad: Helsestasjonen i Bø

 

For påmelding eller eventuelle spørsmål, ta kontakt med:

John Gramstad, familieveileder Bø helsestasjon, mob: 901 60 973

E-post: john.gramstad@bo.kommune.no

eller

Børge Severinsen, familieveileder Sauherad helsestasjon, mob: 941 52 663

E-post: borge.severinsen@sauherad.kommune.no

Påmeldingsfrist: 22. februar

 

Kursa kan være til nytte for alle foreldre enten dykk har små eller store barn. COS-P kan dessuten komme til glede og nytte i alle relasjonar – ikkje bare mellom deg og ditt barn.

COS-P er eit foreldrerettleiingsprogram som bygger på grunnprinsipp frå meir enn 50 års forsking med barn og foreldre. Foreldre og omsorgspersonar er dei neraste til å støtte barna sine på vegen mot trygge, glade og sosiale barn.