Invitasjon til ope møte for ungdommar i Sauherad og Bø om Ung Arena

Ung Arena.JPG - Klikk for stort bilete Er du mellom 13 og 20 år og vil vere med å utvikle Ung Arena - eit nytt tilbod for ungdom i Sauherad og Bø? 

Bli med i ungdomspanelet. Vi treng akkurat DEG.

Informasjonsmøtet er 28. mai kl. 16.00 - 18.00 på Kåvån i Gullbring.

Ung Arena er ein møtestad for unge, der dei kan kome å prate om alt og gjere ting saman. For å lage eit tilbod som treff ungdommens ønskjer og behov treng vi å ha med unge stemmer i utviklingsarbeidet.

Nå kan du bli med i eit ungdomspanel og bidra med dine tankar, meiningar og innspel. I ungdomspanelet kan du blant anna påverke korleis lokala skal sjå ut, kva slags innhald tilbodet skal ha og delta i forskning. 

Sjå invitasjonen i sin heilhet. (PDF, 142 kB)

Ved å delta i ungdomspanelet vil du få ein attest som du kan ha på CV`n din.

Sist endra 16.05.2019 10.59