IRMAT - framtidig ny henteordning for hushaldningsavfall under planlegging

Avfallsdunkar - Klikk for stort bilete Ny renovasjonsløysing som tek høgde for at IRMAT sine eigarkommunar skal klare å tilpasse seg dei nasjonale måla som er beskrive i St. 45 (2016-2017) og EU sitt rammedirektiv for avfall er under planlegging. 

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 31.05.2019

Fakta om krava

55% av hushaldningsavfall og liknande næringsavfall skal materialgjenvinnast i 2025, 60% i 2030 og 65% i 2035.

IRMAT har i dag ein materialgjenvinningsgrad på 41%.

Ny og lik henteordning for alle IRMAT-kommunane er planlagt frå 01.07.2020.

Ny henteordning - hentefrekvens

Glas-/metallemballasje vil i ny ordning inngå som hentefrasjon. Volumet på behandrane vil bli auka fra 120 liter i dag til 140 liter. Som tidlegare blir det lagt opp til at abonnentane kan velja annan storleik på behaldarane dersom fleire husstandar gjeng saman om å bruke felles behaldarar, f.eks. i burettslag.

Hentekrekvens i planlagt ny ordning

Hentefrekvens i planlagt ny ordning
Avfallstype Oppsamlingseining Standard volum oppsamlingseining Tømmefrekvens
Restavfall Behaldar 140 liter 3. veke
Matavfall Behaldar 140 liter 2. veke
Papp, papir og kartong Behaldar 140 liter 3. veke
Glas-/metallemballasje Behaldar 140 liter 6. veke
Plastemballasje Sekk 120 liter 3. veke
Farleg avfall Raud boks 30 liter 2 g/år