Kanallotteriet: Hald Telemarkskanalen fri for søppel

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 03.07.2019

Marint søppel, då spesielt plast har fått mykje fokus i dei siste åra, og forsøpling er eit evigvarande problem i dagens samfunn. Vi i Telemarkskanalen Regionalpark ynskjer å rette fokuset på forsøpling i innlandet som er eit like viktig tema som marint søppel. Alt avfall vil gjennom ein bekk, elv eller innsjø finne vegen ut til havet.

Kystlotteriet er ein stor suksess og vi ynskjer å lage ein regional variant langs Telemarkskanalen som skal heite Kanallotteriet. I samarbeid med Midt Telemark Vassområde har Telemarkskanalen Regionalpark arbeida med å etablere Kanallotteriet i kommunane Nome, Skien, Sauherad, Bø, Notodden, Kviteseid og Tokke. Målet er å få flest mogleg til å engasjere seg i forsøplingsproblematikken og gjennom loddtrekning kan dei som hjelp til å rydde vere med i ein regional og nasjonal premieutdeling . Kanallotteriet er ei ordning som skal gjere det enklare for enkeltpersonar, familiar, skular, foreiningar og andre grupper til å ta initiativ til opprydding av søppel i sitt nærområde.

Utleveringspunkt for søppelsekker og lodd

Vi har utvikla ein ordning der Kanallotteriet har stasjonar plassert i sentrale områder i dei involverte kommunane der folket kan hente søppelsekker. I deltakarkommunane vil utleveringspunkta bli registrert på nettsida til Kystlotteriet, samt at det skal hengast ut plakatar med kart som syner kvar i kommunane ein kan finne utleveringspunkta. Ved dei utplasserte stasjonane vil det stå eit skilt med informasjon om kystlotteriet, ein kasse med søppelsekker, samt ei luke der folket kan levere loddet sitt. Lodda vil bli samla inn av oss i Telemarkskanalen Regionalpark, og kvar veke trekker vi ut 1 heldig vinnar. Regional premie vil vere 1000kr til vinnaren, og for nasjonale premiar kan ein finne på Kystlotteriet.no.

Ein kan få utlevert søppelsekkar og lodd på teknisk eining i Bø.

 

Innsamling av søppelsekker og lodd

Langs kysten har Kystlotteriet eit samarbeid med Skjærgårdstjenesten for henting av søppelsekkane som køyrast til nærmaste renovasjonsselskap. Ei slik ordning har vi ikkje langs Telemarkskanalen, og derfor har vi satt ut containere i sentrale strøk der ein kan levere søppelsekkane, og desse kjem til å stå ute fram til 15.oktober. Containarane er merka med Kanallotteriet og skal kun nyttast til å kaste Kanallotteriet sine søppelsekker. Avtaler med renovasjonsselskapa i kommunane gjer det også mogleg for alle å returnere søppelsekkane gratis til renovasjonsselskapa.

Når ein har fylt ein søppelsekk med søppel kan ein returnere desse til Kanallotteriet sine stasjonar.

 

Før søppelsekken kastast i containeren festar ein på eit lodd. Det lettaste er å fylle inn informasjonen din på loddet før den knytast fast til søppelsekken. Riv av den ytste delen (det er din kvittering/lodd). Riv av delen med din informasjon og putt loddet inn i luka på stasjonen. Den tredje delen av loddet skal henge igjen på sekken, og då er det berre til å kaste sekken i containeren.

Sjå https://www.kystlotteriet.no/ for informasjon om dine neraste utleveringerings/innleveringspunkter (punkter er plassert lokalt i tettstadene langs Telemarkskanalen).

Kanallotteriet har plassert ein konteinar for innsamling av avfall på Teknisk eining i Bø kommune. - Klikk for stort bileteKanallotteriet har plassert ein konteinar for innsamling av avfall på Teknisk eining i Bø kommune.

Fann du det du leita etter?